Aukra kulturskole

Aukra kulturskole skal gje eit frivillig opplæringstilbod til alle kommunens innbyggjarar innan kulturfaga med vekt på å utvikle kunstnariske og skapande evner.

Kulturskolen skal utvikle elevanes evner utifrå den einskildes føresetnadar, slik at dei kan få ein meiningsfylt og stimulerande fritidsaktivitet og eit grunnlag for ei seinare yrkesutdanning.

 

Kva er ein kulturskole?

Kulturskolen er ein skole som tilbyr undervisning og aktivitetar innan ulike kunstfag.

I Aukra kan du få opplæring i musikk, dans, teater, visuell kunst og teknologi.

Undervisninga skjer både individuelt og i grupper. Prosjekt, førestillingar, konsertar og utstillingar er også ein viktig del av kulturskolen sitt undervisningstilbod.

 

Kulturskolen er også eit ressurs og kompetansesenter for kunst-og kulturfag i kommunen og tilbyr veiledning, faglig hjelp og dirigent-/undervisningstenester.

 

Aukra kommune eig og driv kulturskolen. Tilbodet vert finansiert av kommunen og foreldrebetaling. Aukra kulturskole er organisert under eining for kultur.

 

Pedagogisk plattform

- Rammeplan for kulturskolen:

http://www.kulturskoleradet.no/_extension/media/260/orig/2014%2008_Rammeplan_for_kulturskolen.pdf

- Læreplan av 2017

http://aukrakulturskole.net.dynamicweb-cms.com/om-oss/laereplan-av-2017