Intervju med Elyena Clapperton

Intervju med Elyena Clapperton
I forbindelse med 80-årsmarkeringa av Roktaforliset på Rindarøya 3.april 2018 deltok Elyena Clapperton, tidligere kulturskole-elev ved Aukra kulturskole. Elyena spelte saman med vår fiolinlærar Sharleen Clapperton. Elyena er snart 21 år, ho har budd på Gossen og no bur ho i Manchester i England kor ho studerar utøvande musikk. Tidligare har ho tatt fiolintimar med Geir Heggdal i Molde kulturskole og gått musikklinja på Molde VGS.

 

Me tok ein prat med ho for å høyre korleis livet hennar er no.

 

🎻 Kva for instrument spelar du og kor mange år har du spelt?

Eg spelar hovedsakeleg berre fiolin no for tida og eg har spelt fiolin i 12 år. Eg kan spele litt piano og er også glad i å synge.

 

🎻 Kva var grunnen til at du valde akkurat det instrumentet?

Eg vart introdusert for fiolin gjennom mor mi Sharleen Clapperton, som er også fiolinist.

 

🎻 Korleis er det å være student ved RNCM- Royal Northern Collage of Music i Manchester?

Eg likar meg veldig godt på Royal Northern College of Music. Eg har fått moglegheita til å spele i store symfoniorkester og eg er veldig glad i å spele med mine kollegaer i ulike grupper som strykekvartett/gitarkvintett/rockband.

 

🎻 Korleis er det å bu i Manchester?

Det er veldig spennande å bo i Manchester. Der har eg moglegheita til å dra på fleire forskjellige konsertar heile tiden, alt frå klassisk til pop og jazz. Det er nokså annleis enn Gossen, men eg syns det er kjempekjekt at eg får komme tilbake hit og spele konsertar.

 

🎻 Har du nokre råd å gje andre som har eit ønskje om å satse profesjonelt på musikk?

Mitt råd til andre som vil satse profesjonelt på musikk er at ein må arbeide hardt og ein må være tolmodig med seg sjølv. Det kan ofte vere utfordrande å studere utøvande musikk, men eg syns absolutt det er verdt arbeidet. Eg valde å studere musikk fordi det er viktig for meg å ha moglegheit til å uttrykke meg sjølv. Det å kunne gje andre ei musikalsk oppleving er givande for meg.

 

🎻 Kor mykje øver/speler du ei vanleg veke?

Mi daglege rutine varierar mykje frå dag til dag, men eg prøvar å få øvd i minst 4-5 timar kvar dag. I tillegg til øving har eg ofte eit par timar med orkester og kammermusikk kvar dag, så det er ikkje uvanleg at eg spelar i 7-9 timar totalt kvar dag.

 

🎻 Kva er måla dine for framtida?

Måla mine for framtida er å fortsette med kammermusikk og forhåpentlegvis spele konsertar i ein strykekvartett.

 

🎻 Kva type musikk likar du sjølv å høyre på?

Eg høyrer egentlig på mykje forskjellige musikk- men eg er mest glad i klassisk musikk eller jazz fusion og rock.

 

🎻 Kva er ditt største musikalske høgdepunkt så langt i livet?

Det var då eg spelte som solist med Trondheim symfoniorkester for eit par år siden. Eg har aldri vore så nervøs i heile mitt liv, men det var ein opplevelse som eg aldri kjem til å gløyme!

 

🎻 Korleis var det å spele ute på Rindarøya under 80-årsmarkering av Roktaforliset?

Eg syns det var kjempekjekt å spele ute på Rindarøya, sjølv om det var litt kaldt! 

 

Me takkar for praten og ønskjer Elyena lykke til vidare 😊

Dei som vil følgje med Elyena på hennar spennande musikkreise kan sjå meir her: Elyena Clapperton-violinist 🎻

Her kan du lese meir om 80-årsmarkeringa av Roktaforliset.

 

Intervju