Nyheiter

08.08.2019

Kulturskolestart!

Vi inviterer til eit felles opningsarrangement for skoleåret!

21.08 kl.17: Julsundet skole, amfiet, Skolebakken 7, Molde.

22.08 kl.17: Gossen, Riksfjord, Storsalen, Riksfjordvegen 189 Aukra. 
Facebook: https://www.facebook.com/events/2233853380196671/

Arrangementa er opent for alle; vi ønskjer å treffe deg som vurderer å begynne i kulturskolen, du som allereie er elev og du som er ny elev i år. Ta gjerne med deg foreldre, søsken eller ein venn.

Vi ønskjer å presentere kva vi driv med i Aukra kulturskole og alle dei flinke lærarane våre. Lærarane gler seg skikkelig til eit nytt kulturskoleår og dei vil gje oss eit kulturelt innslag på scena.

Etter dette vil ein kunne treffe lærarane i dei ulike faga og få mer informasjon om dei enkelte tilboda. Då kan ein få svar på spørsmål eller hjelp til å søke om plass i kulturskolen.

Sjølve undervisninga startar veka etter, frå 26. august. Alle vil få beskjed frå læraran sin om tidspunkt for øving i Speedadmin.

Vi gler oss til å treffe dykk alle!