Nyheiter

21.10.2019

Småbarnstrall

Småbarnstrall er eit tverrkulturelt musikalsk samarbeid mellom eining for Innvandring og integrering og kulturskolen.

Tilbodet skal være med å styrke og stimulere integrering, språkutvikling og utveksling av ulike kulturar gjennom song, dans, lytting, instrumentbruk, rim og regler.

Aldersgruppe er 1-6 år og tilbodet er foreløpig kun på Gossen.

Tidspunkt: Mandag kl. 17.00-17.45 på kulturskolen, Riksfjord. 

NB: Hausten 2019 er det Småbarnstrall følgande datoar: 

21.oktober
18. november* på Aukra omsorgssenter
25. november
9. desember 

Om du ønskjer å bli med, send oss ei melding på facebook eller ein mail, eller berre møt opp.  

Vi ønskjer alle velkomen til ei triveleg musikkstund for store og små.