Nyheiter

13.01.2020

UKM AUKRA 29. februar

UKM - Ung Kultur Møtast arrangerast i Storsalen, Riksfjord 29. februar kl.14.30

Meld deg på UKM og vis kva du kan!

Fristen for påmelding er 7. Februar // https://ukm.no/aukra/

Det er mange kategoriar du kan delta i denne gongen: Sceneinnslag som dans, musikk, film, litteratur, teater, samt utstilling av kunst og foto. Du kan også delta i kategoriane arrangør, konferansier og media - det kan vere alt frå marknadsføring, til lyd og lys eller filmproduksjon.

Her er det moglegheiter for alle -om du vil formidle noko frå scena, vere med som arrangør av UKM eller stille ut kunst eller fotografi.

Aukra Ungdomsråd er arrangør av UKM Aukra. Om du har spørsmål kan du ta kontakt med ungdomsrådet eller Aukra kulturskole. Ta turen!