Nyheiter

17.01.2020

UKM Verkstad 1. februar

I år arrangeres UKM Aukra 29. februar. Aukra Ungdomsråd er arrangør. 

I samarbeid med Aukra kulturskole inviterar vi til UKM Verkstad i forkant av UKM. Alle kan delta på UKM verkstad, uavhengig om har planer om å delta på UKM eller ikkje. Kanskje du finn inspirasjon til noko du kunne tenke deg å delta på UKM med? Eller blir kjent med nye ungdommar i Aukra? 

Vi gler oss til UKM verkstad - laurdag 1. februar kl. 12-17, på Aukra kulturskole. 

// For å bli med må du melde deg på seinast 26. februar - www.ukm.no/aukra //

ALDERSGRUPPE: 13- 20 ÅR 

GRATIS TILBOD - BINDANDE PÅMELDING

Du kan melde deg på følgande verkstad: 

// FORMIDLINGSVERKSTAD (felles) //
Musikar og kulturskolelærar Jasmina Zivic vil lære oss korleis vi kan formidle og samspele med publikum. Uansett om du er musiker, kunstnar, dansar eller fotograf er du ein formidlar på scena. Gjennom praktiske øvelsar og oppgåver blir vi tryggare når vi står på scena. 

// SKRIVEVERKSTAD //
Liker du å finne på nye og spennande 
historier? Eller ønsker du tips til korleis du kan skrive betre? Gjennom ulike innfallsvinklar og øvingar vil vi finne inspirasjonskjelder både til kva vi kan skrive om – og korleis. Olla Rypdal er teaterpedagog og forfattar, og har i mange år arbeidd i kulturskulen med teaterundervisning og skapande skriving.

// BAND + VOKAL VERKSTAD //
For dei som ønskjer å spele og synge i  band. (Du må kunne å spele eit instrument)

// KUNSTVERKSTAD //
Teikning, maling, digital kunst, foto, gjenbruk og anna kreativt. Ta gjerne med deg noko du har starta på, eller få hjelp til ein ny idé. 

// OPEN GRUPPE VERKSTAD //
For dei som har eit ønskje eller ein ide, men treng veiledning eller ønskjer nokon å samarbeide med. 

BLI MED :D