Nyheiter

29.01.2019

Kostymer laga av kunstlæraren vår Liz

I samband med Klimafestivalen §112 i Molde og omegn har vår dyktige kunstlærar Liz laga desse fantastiske kostymene. Med gjenbruk av lær, stoff og cd-plater har ho vore med å synleggjort kva man kan få til med kreativitet og gjenbruk.

Kostymene vart utstilt på Romsdalsmuseet - Redesign, gjenbruk og grønn mote laurdag 26. januar.

Desse flotte kreasjonane er no utstilt i gangen i våre lokaler på Riksfjord, ta gjerne turen innom og sjå!