Nyheiter

07.02.2019

Open kveld på Julsundet skole

På Open kveld blir det konsert med elevar og lærarar i kulturskolen. Det blir dans, band, teater og fleire musikkinnslag. 
Julsundet skolekor deltek i lag med oss. Etter konserten blir det moglegheit for å slå av ein prat og få svar på spørsmål om tilboda våre i Julsundet.

Arrangementet er gratis, det er berre å ta turen innom i Julsundet skole og fleirbrukshus kl. 18 onsdag 13. februar.

Vi ønskjer alle velkomen!