Nyheiter

21.05.2019

Barna sin dag 2. juni

Vi sett opp skodespelet ASKEPOTT på Barna sin dag på Løvikremma kystgard på Aukra 2. juni kl.12 -16 🎭
Vi øver på replikkar, prøver flotte kostymer og har med oss dyktige musikkelever som skal spele fløyte. 
Vi gler oss til ei magisk stund på scena i låven på Løvikremma kl. 14.
Aukra Husflidslag stiller med ulike aktivitetar, det blir hesteridning og sal av vaflar og kaffi. Dette blir artig!
Velkommen!