Reglement

REGLEMENT FOR AUKRA KULTURSKOLE
Vedteke i K-sak 97/14 (27.11.2014)    
 
  • Aukra kulturskole er open for alle innbyggjarane i kommunen, men barn og unge har  prioritet ved opptak.
  • Kulturskolen har ope opptak, ingen opptaksprøver eller andre krav.
  • Nye kulturskoleelevar kan søke om plass på våre tilbod gjennom heile året forutsatt at det er ledig kapasitet på det aktuelle tilbodet.
  • Dei som allereie er elevar i kulturskolen, må sende inn nytt søknadsskjema innan 15. mars for å bekrefte at man ønskjer å behalde plassen sin komande skuleår
  • Elevplassen gjeld for heile skoleåret. Oppseiing av elevplass må skje skriftleg innan 1. desember for vårsemesteret og innan 1.juni for haustsemesteret. Elevar som ønskjer å slutte midt i eit semester må betale full semesteravgift.
  • Dersom elevplassen ikkje vert betalt innan tidsfristen, og det ikkje vert gjort skriftleg betalingsavtale, taper eleven kulturskoleplassen neste semester
  • Ved flytting gjeld ikkje nemnde oppseiingsreglar.
  • Dersom det ikkje er mogleg å gje tilbod til alle søkjarar, blir følgjande retningslinjer lagt til grunn:
    • Bestemte disiplinar kan få høg prioritet.
    • Søkarar som har stått på venteliste vil ha prioritet.
    • Loddtrekning mellom elevar som står likt.
    • Elevar blir satt på venteliste.
    • Tilflytta elevar som har vært elev ved anna kulturskole vert prioritet.
  • Dersom ein lærar blir sjuk, -og det ikkje kan skaffast vikar, vil undervisninga bli avlyst. Det vil bli gitt refusjon til eleven dersom undervisninga fell bort meir enn to gonger pr. semester.
  • Kulturskolen må informerast dersom eleven har særskilte behov.
  • Den ordinære undervisninga i kulturskolen fylgjer skoleåret(38 veker
  • Kulturskolen fylgjer skolerutas fridagar/planleggingsdagar om ikkje anna er opplyst.
 
Prisar. pr semester:
Skolepengar: kr. 1215,- (Elevmoderasjon: 25% frå og med 2.elevplass pr. familie.
Elevmoderasjon 50% frå og med 3.elevplass pr.familie)
Instrumentleie kr. 250,- (stryk- og blåseinstrument)
Materialavgift Bildefag kr.250,-
Teater/Aspirantavgift: 890,-
 
 
Julsundet Musikkorps, Gossen skolekorps og Gossen Musikkorps betalar semesteravgifta til dei som ønskjer aspirantopplæring. Aspirantopplæringa er over to år og ein betalar då medlemskontigent til korpset.
Me ønskjer at du skal få oppleve gleda kunst og kultur kan gje, enten du syng, spelar eit instrument, dansar eller er glad i billedkunst eller teater. For å oppnå dette kræves det også noko av deg, og som elev har du medansvar for eit godt og triveleg lærings- og arbeidsmiljø.
 
Dette forventar Aukra kulturskole av deg:
ALLE:
Frammøte: Ved fråvær må du gje beskjed til læraren din eller til kulturskolen. Ved fråvær utan melding meir enn 3 gonger kan du miste elevplassen din. Elevar som ikkje kan møte til time har ikkje rett til å få ny time eller anna kompensasjon.
Prosjektarbeid/konsertar/førestillingar/utstilling:
I periodar vil kulturskolen arrangere små eller store prosjekt. Det vil da bli lagt opp til prosjektbasert og ev. tverrfagleg undervisning. I løpet av skuleåret vil det også bli arrangert ulike konsertar, førestillingar og utstillingar. Dette er obligatorisk for elevane i kulturskolen.
Adresse, e-post eller telefon
Meld straks frå til kulturskolen dersom du skulle få ny adresse, e-post eller telefon. Mange beskjedar sendes frå oss som e-post og avlysning av undervisning gjerast via sms.
Betaling: 
Dersom betaling ikkje skjer ved faktureringsdato, vil det verta sendt purring. Dersom dette ikkje vert innfridd, vil Aukra Kulturskole sei opp plassen med umiddelbar verknad.
MUSIKK:
Øving: Læraren fortel deg om kvifor og korleis du bør øve. Vi forventar at du øver regelmessig og kjem forberedt til undervisninga.
Notar: Læraren gir beskjed om kva notar du skal bruke i undervisninga. Desse må du kjøpe sjølv.
Instrumenter: Du kan leie Blåse- og strykeinstrument i kulturskolen (233,- per semester). Oppstår det skade på skulen sine instrument må du straks melde frå. Kostnadar i høve reperasjon/nyinnkjøp må dekkast av eleven. Ein oppfordrar elevar i ungdomsskolealder og oppover som har spelt i nokre år til å kjøpe instrument sjølve.
Andre (gitar, bass, slagverk, piano) må ha instrument i privat eige.
Alle må ha anna nødvendig utstyr og materiell (notar, notestativ og liknande)i  privat eige.
Ta gjerne kontakt med lærar for veilleding ved kjøp av instrument og liknande.
DANS:
klede: Elevane må stille til time i passande klede (treningsklede eller liknande) og sko (turnsokkar el. dansesko). Til førestilling vil ein få beskjed frå lærar ang. antrekk.