Julsundet skole

Aukra kulturskole har samarbeid med begge grunnskolane i Aukra kommune.

Her kan du lese litt om tilboda vi har på Julsundet skole:

 

SPÆLL: 3.trinn 

Faget tek tak i musikk gjennom instrumentalopplæring. Elevane får ønskje seg eit av fleire instrument, anten klarinett, kornett, fiolin eller cello. Instrumenta kan variere. Trinnet vert delt inn i grupper der kvar gruppe består av 5-6 elevar. Kvar gruppe får opplæring ein skoletime per veke gjennom eit semester, anten haust eller vår.

 

VESLEFRIKK: 4.trinn

Veslefrikk er ein metodikk vi brukar for å skape eigen musikk og den er spesielt egna for grupper av barn som lager musikk saman. I denne klasseundervisninga jobbar vi med komposisjon og elevane jobbar saman med eit prosjekt. 

Her kan du sjå ein filmsnutt om Veslefrikk-metodikken:

https://www.youtube.com/watch?v=KaPMKyUiChQ&feature=youtu.be

 

KULTURKARUSELL: 5.-7.trinn

I denne kulturkarusellen får elevane lære meir om dans, drama, band og garageband. Alle elevar får jobbe i grupper med ulike aktivitetar i løpet av skoleåret. 

Aukra kulturskole deltek i karusellen med faglærarar i drama, dans og band.

 

KULTURKARUSELL: 8.-9.trinn

Elevane får jobbe i grupper med aktivitetar innan dans, drama, band, garageband, produksjonsteknikk og kor. 

Aukra kulturskole deltek i karusellen med faglærarar i musikk, drama, dans og band. 

 

KULTURPRODUKSJON: 10. trinn

Elevane skal samarbeide om å sette opp ein produksjon på eigen hand ved å planlegge og utarbeide ei framsyning frå idé til gjennomføring. Elevane jobbar sjølvstendig med alt frå tema, bodskap og innhald i framsyninga, til arbeidsroller og ansvarsfordeling.

Elevane vert delt i grupper; band, vokal, drama, dans, produksjonsteknikk. Dans og kor er felles for alle. Grunnskolelærar i samarbeid med faglærarar frå kulturskolen veileder elevane i prosessen frå idè til gjennomføring i løpet av haustsemesteret. 

Aukra kulturskole deltek i kulturproduksjon med faglærarar i musikk, drama, dans og band.