Samarbeid med vaksenopplæringa

I samarbeid med vaksenopplæringa som drives av eining for Innvandring og integrering i Aukra kommune, har vi følgende tilbod:

 

Småbarnstrall

Småbarnstrall er eit musikktilbod for born frå 1-6 år med familie. Tilbodet skal vere med å styrke språkutvikling og integrering gjennom det gode måltid og det musiske samspelet.

På mandagar vert det servert mat frå ulike kulturar frå kl. 16.00 i kantina på vaksenopplæringa og etterpå er det musikkleik frå kl. 16.45 på kulturskolen.

Tilbodet er gratis og ope for alle.

 

Introtimer med kulturskolen

To timar i veka har elevar som deltar i introduksjonsprogrammet timar i kulturskolen. Her får elevane opplæring i ulike kunst- og kulturfag.