Småbarnstrall


Småbarnstrall er eit tverrkulturelt musikalsk samarbeid mellom eining for Innvandring og integrering, Aukra kyrkje og kulturskolen.

Aldersgruppe er 1-6 år.
 
Tilbodet skal være med å styrke og stimulere integrering, språkutvikling og utveksling av ulike kulturar gjennom song, dans, lytting, instrumentbruk, rim og regler.

Frå kl. 16: Sal av mat frå ulike kulturar - i kantina til vaksenopplæringa, Riksfjord (samme bygg som kulturskolen)
Maten må bestilles på førehand slik at dei veit mengda dei skal lage. Prisen for middag er 30,- for born, 50,- for vaksen eller 150,- for familie. 

Kl. 16.45-17.45: Musikkstund på kulturskolen, Riksfjord
  
Dette er eit tilbod kun på Gossen. 

Om du ønskjer å bli med, send oss ei melding på facebook eller ein mail. Du får tilgong til ei lukka gruppe på facebook - der melder du deg på med antall til Småbarnstrall og middag frå gong til gong. 

Vi ønskjer alle velkomen til ei triveleg musikkstund for store og små.

Les reportasje om tilbodet i Romsdals Budstikke:
https://bit.ly/2xs5tXd

            
 
            
 


Påmelding