Teater


Humor, alvor, overrasking, til ettertanke... Slepp deg laus på teaterscenen!
Gjennom fantasering og improvisasjon arbeidar vi fram produksjonar der vi blir kjent med teaterkunstens verkemiddel.
 
Undervisninga er organisert som gruppeundervisning for to grupper (barneteater og ungdomsteater) frå 4.trinn og oppover.
Det er ukentlig undervisning.  Elevane må i tillegg rekne med helgesamling(ar) og ekstra øvingsøkter i hektiske periodar før framsyning.

 
Hva du som elev kan forvente deg: 
Drama: Vi brukar øvelsar for å utvikle tryggleik, sjølvkjensle, konsentrasjon, kreativitet, rytme, uttrykk gjennom kropp og stemme, rolletolking/karakterbygging og samarbeidsevne. Med dette som basis vil gruppene ha eit betre grunnlag og ei større forståing for det praktiske arbeidet med tekst og manus knytta til oppsetinga.
 
Teater: Teaterelevane er i løpet av skoleåret med på minst ei oppsetning. Vi jobbar ofte tverrfaglig med andre uttrykksformer i kulturskolen; bildefag, dans, musikere, kor
Foreldre kan bli utfordra til å bidra i ulike støttefunksjonar som eks.hjelpe til med å lage kostyme, kulisser, mat og marknadsføring.
 
Foreløpig er teater kun eit tilbod på Gossen.
 
 
 
 


Påmelding